Skeivå Rogaland Pride er ein festival for seksualitet og kjønnsmangfold for alle – uavhengig av funksjonsevne, uttrykk eller behov. Me vil at du skal oppleva at Pride er eit trygt, ope og mangfaldig fellesskap der alle kan delta. Tilgjengelegheit er ikkje eit tillegg for oss, men ein grunnleggande del av det me er og gjer.
Rullestoltilgjenge
Alle rom på Tou Scene, som er hovudarenaen for festivalen, er rullestoltilgjengelege. Dette skal og alle andre lokaler som Skeivå Rogaland Pride bruker i løpet av festivalen vere. Me har lagt til rette slik at alle arrangement under Skeivå kan opplevast frå rullestol, og me gjer alt vi kan for å fjerna praktiske barrierar.
Teiknspråktolking
Dei fleste og dei største arrangementa våre vert teiknspråktolka. Me veit at språk er nøkkelen til å delta fullt ut, og teiknspråk skal sjølvsagt ha ein plass i Pride-fellesskapet.
Sensorisk pausesone
Festivalopplevingar kan vera intense. Difor har me, i samarbeid med Landsforeningen Skeive Funkiser, etablert ein sensorisk pausesone under Skeivå nattå og delar av Pride Park. Her kan du finne ro, puste ut og hente deg inn dersom du treng ein pause frå lys, lyd og inntrykk.
Me strekk oss lengre
Inkludering er eit arbeid som aldri vert ferdig. Me strekk oss langt for å skapa ein festival som er open og tilgjengeleg for alle – og me ønskjer alltid å verte betre. Dersom du har behov me ikkje har dekka, eller forslag til nye tiltak, håpar me du tek kontakt. Me lovar å lytte, og å gjera vårt beste for å finna gode løysingar.
Skeivå Rogaland Pride handlar om fellesskap, mangfald og fridom. Difor er me opptatt av å byggja ein festival der ingen vert ståande utanfor, men der alle kjenner seg trygge, velkomne og inkluderte. Saman gjer me Pride til eit rom for oss alle.
Engelsk:
Skeivå Rogaland Pride – Inclusive and Accessible
Skeivå Rogaland Pride is a festival celebrating sexuality and gender diversity for everyone – regardless of ability, expression, or needs. We want you to experience Pride as a safe, open, and diverse community where all can take part. Accessibility is not an addition for us, but a fundamental part of who we are and what we do.
Wheelchair Accessibility
All rooms at Tou Scene, the main venue of the festival, are wheelchair accessible. The same applies to all other venues used by Skeivå Rogaland Pride during the festival. We have ensured that every event at Skeivå can be experienced from a wheelchair, and we do everything we can to remove practical barriers.
Sign Language Interpretation
Most of our largest events will be sign language interpreted. We know that language is the key to full participation, and sign language naturally has its place in the Pride community.
Sensory Rest Area
Festival experiences can be intense. That is why, in collaboration with the National Association Skeive Funkiser, we have established a sensory rest area during Skeivå Nattå and parts of Pride Park. Here you can find calm, breathe, and recover if you need a break from light, sound, and impressions.
We Go Further
Inclusion is work that never ends. We strive to create a festival that is open and accessible to all – and we are always eager to improve. If you have needs that we have not addressed, or suggestions for new measures, we hope you will contact us. We promise to listen and do our best to find good solutions.
Skeivå Rogaland Pride is about community, diversity, and freedom. That is why we are committed to building a festival where no one is left outside, but where everyone can feel safe, welcome, and included. Together, we make Pride a space for us all.